Trollpila

Trollpila fotografert 9. september 1956. Erling Leigh (t.v.) og Odd Lassen, Molde var saman med Nils Parelius på befaring på Bolsøya. Eier: Romsdalsarkivet - Fotograf: Nils Parelius
Trollpila fotografert 9. september 1956. Erling Leigh (t.v.) og Odd Lassen, Molde var saman med Nils Parelius på befaring på Bolsøya. Eier: Romsdalsarkivet - Fotograf: Nils Parelius
"Omtent 300 Alen østenfor Bolsøe kirke staaer paa en liden lav houg en, 8 Alen lang, smal og tynd Bautasteen, ved hvis østre side er en stor kæmpehoug og rudera af tvende Bygninger. Paa en smal Ryg eller Brink, som strekker sig mod øst, og er fra Stenen omtrent 400 Alen lang, ligger i een linje 5 smaae Kæmpehouge og 3 Skibshouge, hvoraf den ene er 36, den anden 30, og den tredie 20 Alen lang, Alle forsynede med en ramme af kampestene om foden."

Slik omtalar Lorentz Diderich Klùwer Trollpila og miljøet rundt den i boka "Norske mindesmærker,.." frå 1823. Bautasteinen skal ha stått på ein liten haug, truleg ein liten gravhaug. Det skal ha vore fleire synlege gravminne i form av runde gravhaugar og langhaugar (skipshaugar) på åsryggen. Plasseringa er svært sentral og bautasteinen og gravhaugane har vore godt synleg frå sjøen både nord og sør for Bolsøya. Bautasteinar og gravhaugar ligg ofte knytt til sentrale skipsleier eller vegfar og innsyn til og utsyn frå desse er eit sentralt poeng bak plasseringa. Bautasteinar står ofte på gravfelt, men kva representerer eigentleg bautasteinane?

Kva er ein bautastein?

Trollpila skal ha stått på ein liten haug, truleg ein gravhaug. Sjølve ordet bautastein stammar frå det norrøne ordet bautaðarsteinn, som blir forklart som ein stein ein stikk eller støytar ned i jorda (Fritzner I: 119). Svært få område ved bautasteinar er faglig undersøkt og ofte er steinane fjerna eller omplassert. I dei få tilfella det er gjort utgravingar ved bautasteinar ser disse ut til å vere markørar for enkle branngraver frå eldre jernalder. Skriftlege kjelder kan gi oss eit innblikk i kva meining bautasteinane som Trollpila har hatt. Slike kjelder er Snorres Eddadikt og Heimskringla. Når Snorre skriv i den kristne middelalderen om ein førkristen norrøn kultur og religion 200 år tilbake i tid, byr dette på eit kjeldeproblem. Likevel er det grunn til å tru at kjeldene seier noko om funksjonane til bautasteinane funksjon. I Eddadiktet Håvamåls strofe 72 heiter det: Son er kjærfengd etter at faren fór. Sjeldan bautasteinar nær brauti stend, utan frendar fekk reist dei. I Ynglingesaga er ei anna skildring av bruken av bautasteinar: Til minne om stormenn skulle folk gjer ei haug, og etter alle slike menn som det hadde vore manns mot i, skulle dei reise bautasteinar Hkr 9; 18). De tidlege skriftkjeldane fortel oss at steinane vart reist til minne om døde personar - både langs vegar og på eller ved graver.

Trollpila

Namnet Trollpila kan ein forstå ut frå forma på steinen. Etter tradisjonen skal Trollpila ha blitt kasta hit ved innføringa av kristendomen. Etter oppføring av kyrkja på Bolsøya skal ei trollkjerring i Skålafjellet ha blitt så irritert over lyden frå kyrkjeklokkene at ho kasta ei stenpil etter kyrkja. Steinpila bomma og vart ståande her. Enten Bautasteinen er ein gravmarkør, er kasta hit av ei trollkjerring frå Skåla, eller har ei anna forklaring så er den eit viktig kulturminne og med ein høgd på 5,1 meter er den ein av dei høgaste bautasteinane i Noreg.

Kartutsnitt over kulturminne på Bolsøya. Plassering av Trollpila er merka med talet 2. Eier: Møre og Romsdal fylke, kulturavdelinga Fotograf: Kart laga av Ragnar Orten Lie og Arkikon.no
Kartutsnitt over kulturminne på Bolsøya. Plassering av Trollpila er merka med talet 2. Eier: Møre og Romsdal fylke, kulturavdelinga Fotograf: Kart laga av Ragnar Orten Lie og Arkikon.no

Nyare forsking

Ei undersøking av bautasteinar på Sunnmøre (Knutzen 2004) stadfestar det som står i dei skriftlige kjeldene, då plassering nettopp ved vegar og langs skipsleia er gjennomgåande. Dessutan står langt dei fleste bautasteinane i tilknyting til graver eller gravfelt, hovudsakleg frå eldre jernalder, men også frå yngre jernalder. Gjennomgangen av bautasteinane i Sunnmørsregionen viste at dei kan ha hatt mange funksjonar i tillegg til å markere graver. På same måte som gravhaugane kan bautasteinar ha markert eigendomsrett og odel ved å knyte band mellom ei slekt og forfedrene deira. Enkelte steinar markerte gamle gardsgrenser og representerte kanskje også ei slag åtvaring mot å gå inn på annan manns territorium. Dette kan ha vore motivet bak å plassere bautasteinar rett ved skipsleia. Markering av odels- og eigedomsrett var samtidig ein måte å demonstrere makt på. Til sist kan bautasteinane ha vore uttrykk for religion - i førkristen tid ein fruktbarheitsreligion. Kanskje var det berre tilhengarar av dei norrøne fruktbarheitsgudane Njord eller Frøy som fekk reist bautasteinar på gravene sine?

Runesteinen

Runesteinar er reiste steinar med runeinnskrift som inngår i same tradisjon som bautasteinane, men der dei fleste er reiste i yngre jernalder, d.v.s. frå 750 - 1030 e.Kr. Ei svensk studie viser at dei fleste inskriftene kan koplast til odelsrett (Sawyer 2000). Innskriftene følgjer ofte ein fast formel, som f.eks. på Kulisteinen frå Smøla: Tore og Hallvard reiste denne steinen etter ..Ulv.. Tolv vintrar hadde kristendommen vore i Noreg.. Dette kan lesast som eit arveoppgjør der dei to brørne overtar arven/odelen etter far sin. Ved å reise steinen synleggjorde brørne kravet til garden. Då ein på 1000-talet gjekk over til ein kristen gravskikk, kunne ein ikkje lenger markere odelsrett gjennom gravhaugar. Det ser likevel ut til at bauta- og/eller runesteinar endå vart brukte i ein slik samanheng.

 

Kilde:
digitaltfortalt.no ved Ragnar Orten Lie
kulturnett.no - Møre og Romsdal

Litteratur:

Fritzner, J. 1867. Ordbog over Det gamle norske Sprog. Første bind. A – HJ. Universitetsforlaget.
Hkr = Heimskringla. 1979. Den norske bokklubben. 1999.
Knutzen, T. 2004. Bautasteiner på Sunnmøre. En analyse av steinenes betydning og funksjon.
Upublisert hovedfagsoppgave ved Universitetet i Bergen.
Sawyer, B. 2000. The Viking Age Rune-Stones. Custom and Commemoration in Early Medieval Scandinavia. University Press. Oxford.